
Trond F. Aarre
Avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter og fagsjef i Psykisk helsevern, Helse Førde HF
trond.fjetland.aarre@helse-forde.no
Teksten under er publisert i forkortet versjon i Klassekampen; ‘Kronikk & debatt’, 5.mars 2026.
Borgarting lagmannsrett felte 30.01.26 dom i saka mellom Inger-Mari Eidsvik og staten. Domstolen kom fram til at helsetenesta har krenkt menneskerettane hennar i samband med tvangsmedisinering og isolasjon. Domen viser oss kor lite rettstryggleik pasientar under tvunge psykisk helsevern i praksis har. Når nokre av dei mest utsette blant oss ikkje har godt nok rettsvern, angår det oss alle.
I Noreg vert det fatta om lag 10 000 vedtak om tvangsmedisinering for knapt 4 000 personar kvart år. Tvangsmedisinering endrar hjernekjemien, og dermed tanke- og kjenslelivet, utan samtykke frå den det gjeld. Nytten av eit så inngripande tiltak må med god margin vege opp for ulempene dersom det skal vere akseptabelt.
Lova
Tvangsmedisinering skjer vanlegvis med antipsykotika og er strengt regulert i psykisk helsevernlova § 4-4. Paragrafen tillet tvangsmedisinering med medikament som «har en gunstig virkning som klart oppveier ulempene ved eventuelle bivirkninger» og «med stor sannsynlighet kan føre til helbredelse eller vesentlig bedring av pasientens tilstand, eller at pasienten unngår en vesentlig forverring av sykdommen». Kan ein hevde at desse krava er oppfylte for behandling med antipsykotika?
Evidensen
Helsedirektoratet sine råd for medikamentell behandling ved psykosar frå 2025 byggjer på to samleanalysar. Den eine gjeld fyrstegongs psykose og byggjer på studiar utan kontrollgrupper. Dermed er det uråd å vite kva medikamenta gjev av effekt. Helsenorge, som Helsedirektoratet har redaktøransvar for, omtalar analysen slik: «80 av 100 pasienter som starter på antipsykotika har noe symptomreduksjon, men vi kan ikke si sikkert at det skyldes medisinen». Likevel hevdar direktoratet at behandling med antipsykotika kan oppfylle vilkåra i § 4-4 og «med stor sannsynlighet kan føre til helbredelse eller vesentlig bedring» ved fyrstegongs psykose.
Ved seinare episodar byggjer direktoratet på ein samleanalyse av 128 studiar med over 28 000 pasientar (Leucht mfl., 2017): «51 % av pasientene som ble behandlet med antipsykotika [hadde] minst 20 % symptomreduksjon eller minst minimal klinisk bedring, mens 23 % hadde minst 50 % symptomreduksjon eller minst stor klinisk bedring. Blant pasientene som mottok placebo var tilsvarende andeler 30 % og 14 %». Direktoratet meiner at lova krev ein «klar og merkbar bedring» for å kunne tvangsbehandle. Til skilnad er «minimal klinisk bedring» den minste betringa ein greier å oppdage og er langt frå eit rimeleg mål for behandlinga.
Dermed er det berre 23 % av personane som fekk medikament, og 14 % av dei som fekk placebo, som vart mykje betre og oppfyller Helsedirektoratets krav. Sagt på ein annan måte: behandlar du 100 psykotiske personar med desse midla, vil berre 23 av dei bli mykje betre. 14 av dei hadde kome seg uansett. Du må behandle 11 personar for at éin ekstra skal bli mykje betre.
Ut frå dokumentasjonen som Helsedirektoratet sjølv byggjer på, kan ein altså ikkje hevde at antipsykotika med «stor sannsynlighet kan føre til helbredelse eller vesentlig bedring».
Biverknader
Kan ein hevde at midla «har en gunstig virkning som klart oppveier ulempene ved eventuelle bivirkninger»? Forskinga som Helsedirektoratet byggjer på, viser skuffande effekt. Pasientane i studiane tok medikamenta av fri vilje. Vi veit mindre om effekten når ein blir tvungen til å ta dei. Den positive effekten av å samarbeide med helsepersonell om tiltak ein trur kan vere nyttige («placeboeffekten»), fell bort når ein ikkje er motivert for behandling, men vert tvungen til det. Den svake effekten av medikamenta må vi halde opp mot uynskte verknader – både dei som kjem av medisinen og skadeverknadene av å bli utsett for makt og tvang.
Medikamenta har mange ugunstige verknader som vi må ta ansvaret for når vi skriv dei ut. Antipsykotika har til dømes djuptgripande psykiske verknader med redusert energi, tiltak og engasjement, mindre oppleving av glede og svekt motivasjon. Lingjærde skildrar det slik i læreboka si: «nedsatt spontan aktivitet (…), redusert driftsenergi, hemming av betingede og ubetingede reaksjoner og likegyldighet overfor stimuli, både de som kommer utenfra og de som kommer innenfra».
Ein kan óg bli stiv og skjelven og få mange andre Parkinsonsymptom, hormonelle endringar som gjev melkespreng, tap av seksuell lyst og evne, vektauke og for høge nivå av blodsukker og kolesterol. Alle desse verknadene må vi halde opp mot dei små effektane vi i utgangspunktet kan vente oss av behandlinga.
Skadeverknader
Eg kjenner personar som har flytta for å sleppe unna det lokale psykiske helsevernet. Andre søkjer helsehjelp langt vekke fordi dei er redde for meir tvang. Nokre har fått varige traume av tvangen. For mange har tilliten til helsetenesta fått ein varig knekk slik at dei ikkje søkjer hjelp når dei treng det. Og nokre går altså til rettssak fordi dei meiner menneskeverdet deira vert krenkt av helsetenesta.
Vi veit ikkje kor mange som blir skadelidande av det som skulle vere til hjelp for dei. Denne uvissa bør gjere oss varsame med å fatte vedtak om tvangsbehandling. Terskelen for å bruke tvang må bli høgare enn den er i dag.
Kontrollorganet
Statsforvaltaren (før Fylkesmannen) er klageinstans ved tvangsmedisinering. Dersom Statsforvaltaren ikkje gjev pasienten medhald, kan ikkje pasienten anke saka inn for domstolen. Pasienten kan gå til privat søksmål, noko dei færraste som er under tvunge psykisk helsevern er i stand til. Difor er domen i saka til Eidsvik så viktig.
Dei vanskelege vurderingane som Statsforvaltaren skal gjere, blir ikkje lettare av at Helsedirektoratet tidlegare har feilinformert om effekten av antipsykotika. 22. mars 2019 skriv Helsedirektoratet til Fylkesmannen i Oslo og Viken (som du skal få høyre meir om nedanfor), og med kopi til alle fylkesmenn, med grovt feilaktig informasjon og absurde påstandar om at opptil 90 % av pasientane har moderat eller god effekt av antipsykotika (sjå min artikkel i Aftenposten 20. mai 2019). Direktoratet ville ikkje rette opp feilen og har dermed villeia instansen som skal sikre rettstryggleiken.
Domen
Lagmannsretten var «tilbakeholden med å overprøve ansvarlig behandlers vurdering av medisinsk nødvendighet». Den tok difor ikkje grundig stilling til kvifor ein ikkje kunne følgje Eidsviks ynske om behandling med søvndyssande medisin, samtalar og omsorg. Med slike tiltak har ho tidlegare kome seg raskt. Heller ikkje Fylkesmannen gjorde noka grundig overprøving og «aksepterer overlegens vurdering» utan å problematisere den. Det er forstemmande at ein utan vidare aksepterer den vurderinga ein er sett til å vurdere kritisk for å sikre pasientens rettstryggleik.
I Eidsvik si sak er det særleg Fylkesmannen som har svikta. Frå før veit vi at «klageorganet i en del tilfeller ikke i tilstrekkelig grad overprøver ansvarlig behandlers vedtak om tvangsmedisinering» (domen s. 51). Domen viser at rettstryggleiksgarantiane som ligg i lov og føresegner, ikkje vart oppfylte. Lagmannsretten meiner at dette krenkte Eidsvik sine konvensjonsrettar. I Eidsvik si sak unnlét Fylkesmannen å handsame klager både frå ho sjølv og dottera hennar. Då embetet faktisk handsama klagane, nytta det stundom gal lovforståing.
Lagmannsretten meiner at eit vedtak om isolasjon ikkje vart godt nok grunngjevne og dermed ikkje framstod som «strengt nødvendig». Retten meiner at dette utgjer brot på internasjonale konvensjonar. Det vart nytta tvangsmiddel utan gyldig vedtak. Det vart óg funne formelle feil i vedtaka om tvangsmedisinering og manglande avveging mellom fordelar og ulemper.
Regelverket er altså så komplisert at fagfolk med embetseksamen, både i sjukehuset og hjå Fylkesmannen, har vanskar med å praktisere det rett.
Stoda idag
Sakene Eidsvik tok til domstolen er frå 2014 og 2016. Stoda er neppe betre i dag. Det er ikkje meir enn eit drygt år sidan statsforvaltar Valgjerd Svarstad Haugland i Oslo og Viken gjekk frå stillinga si etter at det vart påvist at embetet hennar berre hadde lagt klager på tvangsmedisinering til sides utan å ta stilling til dei. Ho forklarte det mellom anna med for lite ressursar. Saka viser at rettstryggleiken til tvangsmedisinerte ikkje vert prioritert så høgt som ein kunne ynske.
Helsedirektoratet si tolking av den vitskaplege litteraturen står seg ikkje. Direktoratet gjev villeiande råd til statsforvaltarane. Statsforvaltarar unnlét å ta stilling til klager og har gal lovforståing. Klinikarar fattar ikkje dei vedtaka dei skal og argumenterer svakt for vedtaka dei fattar. Lagmannsretten meiner at staten ved å ikkje sikre rettstryggleiken betre, har krenkt menneskerettane til Eidsvik. Kor mange andre dette gjeld, veit vi ikkje fordi klageinstansen ikkje fungerer godt og det er så dyrt og vanskeleg å reise søksmål. Rettstryggleiken som er sikra i lov og føresegner, smuldrar opp i praksis. Det er ikkje til å leve med.
Kva no?
Tvangsheimlane våre gjer det lett å gripe til medisinering. Vi burde leggje meir krefter i likeverdig samarbeid med dei som treng hjelp, og i arbeidsformer dei ynsker å nytte seg av. Nesten alle tiltak ein har prøvd ut for å redusere tvangsbruken, har effekt dersom det er motivasjon og vilje til å bruke mindre tvang (NOU 2019:14, kap. 11).
Vi har eit problem når medmenneske som treng helsehjelp, må tvingast til tiltak som vi meiner er i deira eiga interesse. Uansett korleis ein ser på omfanget av tvangsbruken, må det uroe oss at pasientane sine rettstryggleiksgarantiar ikkje vert oppfylte. Den omfattande tvangsmedisineringa bør uroe alle så lenge vi ikkje veit sikkert om vi gjer meir skade enn gagn. Det hastar med å finne gode løysingar – til dømes gjennom lovendringar og personsentrerte, tilfriskningsorienterte og menneskerettsbaserte arbeidsformer som alternativ til makt og tvang.
Dreier saka til Eidsvik seg om avvik i eit elles velfungerande system – eller er det ein sprekk i glasuren som let oss sjå kor lite rettstryggleik pasientane våre verkeleg har? På eit så frykteleg spørsmål skulle eg ynskje at eg kunne gje eit klårt svar.